Fornuftig dom fra Agder lagmannsrett etter sykkelulykke

Som noen vil huske, avsa Nedre Telemark tingrett en absurd dom tidligere i år, etter en sykkelulykke. Heldigvis ble dommen anket, og Agder lagmannsrett har nå avsagt en dom hvor bilføreren ble dømt. Dommen er tilgjengelig her.

Bilføreren var tiltalt for følgende:

I Straffeloven § 237
for ved uaktsomhet å ha skadet en annen på legeme eller helbred, og legemsbeskadigelsen hadde tilfølge sykdom eller arbeidsudyktighet som varte over 2 uker.

Grunnlag:
Tirsdag 26. juni 2012 ca kl 1630 i Odins gate i Skien, som fører av personbil X med tilhenger, idet han svingte inn mot høyre, over et sykkelfelt og inn på en gang- og sykkelveg, ikke var tilstrekkelig aktpågivende og varsom under kjøringen og ble ikke oppmerksom på syklist A, som kom syklende i sykkelfeltet, med den følge at A traff tilhengeren og ble dratt flere meter under denne. Sammenstøtet førte til at A ble påført skade i form av hud- og benavslipninger på høyre ankel, overflatiske sår baktil på høyre side av brystkassen og i høyre flanke. Hun var innlagt på sykehus i tilsammen 13 dager og måtte gjennomgå operasjon i form av hudtransplantasjon i høyre ankel. Hun var 100% sykmeldt til 31.08.12 og i varierende grad delvis sykmeldt til 18.11.12.

II Vegtrafikkloven § 31 første ledd jf § 3
hvoretter enhver skal ferdes hensynsfullt og være aktpågivende og varsom så det ikke kan oppstå fare eller voldes skade og slik at annen trafikk ikke unødig blir hindret eller forstyrret.

Grunnlag:
Til tid og på sted som nevnt i post I, som fører av den der nevnte bil med tilhenger, forholdt han seg som beskrevet der, med den følge at det oppsto personskader på syklisten.”

Jeg gjengir beskrivelsen av hendelsesforløpet fra dommen:

“Den 26. juni 2012 ca. kl. 1630, kom tiltalte køyrande på Cort Adelers gate i Skien, som først ligg flatt i lendet, men som så går ned ein liten bakke, og går over i Odins gate i botnen av bakken. Cort Adelers gate gjer ein svak sving til høgre litt over midten av
bakken, men det er fri sikt i alle fall 60 meter ned til botnen av bakken. I denne botnen av bakken går ei gate til venstre, Håkons gate, og på same staden ligg det to fotgjengarovergangar med kort mellomrom. Både overgangane og mellomrommet er svakt
høgare enn gatelekamen elles. Til høgre i same krysset går det først ein liten veg inn til ein barnehage, dernest ein gang- og sykkelsti ca. 90 grader på Odins gate, og sist ein gang- og sykkelsti som går nærast parallelt med Odins gate heilt i starten, og bøyer deretter av mot høgre og inn i eit grøntområde. Langs Cort Adelers gate og seinare i Odins gate er det eit raudt merka sykkelfelt på begge sider av vegen, liggjande på same plan som gata, og innanfor der igjen ligg det eit gang- og sykkelfelt, også på same plan som gata. Sykkelfeltet startar i Cort Adelers gate der den ligg flatt i lendet, og er skilta både med teikn for sykkelfelt og med 40 km/t grense.

Tiltalte køyrde ein Dodge med ein boggitilhengar, og ekvipasjen var ca. 10-11 meter lang i alt. Tilhengaren var tom, idet tiltalte saman med ein medarbeidar var på veg for å ta ned eit stillas. Stillaset var lokalisert på baksida av det aktuelle huset, og tiltalte valde å køyra inn på den nemnde gang- og sykkelstien som går i 90 graders vinkel på Odins gate, for å koma fram til staden.

I same retning som tiltalte, kom den fornærma på sin sykkel på veg til trening på eit treningssenter. Ho kom inn på Cort Adelers gate frå ei sidegate like før sykkelfeltet startar, og sykla på dette feltet bortover Cort Adelers gate og ned bakken.

Tiltalte har forklart at han ikkje såg syklisten, at han køyrde ned bakken i fart innanfor fartsgrensa på 40 km/t, at han sette på blinkljos, at han bremsa ned, at han såg i både sidespegelen og bakrutespegelen, og svinga til høgre inn på gang- og sykkelstien.
Medarbeidaren hans ropte til han at han skulle stansa, idet han hadde vorte merksam på at det låg ei dame med sykkel under hjulet på tilhengaren. Tiltalte har også forklart at medarbeidaren hans, etter at denne hadde gått ut, sa at han skulle rygga, idet hjulet på tilhengaren stod oppå beinet til den fornærma. Den fornærma hadde saman med sykkelen vorte dregen med tilhengaren fleire meter frå sykkelfeltet og inn på gang- og sykkelstien.

Den fornærma har forklart at ho sykla inn på Cort Adelers gate frå venstre sett i køyreretninga, enten frå Lundegata eller Cappelens gate, og hadde augekontakt med tiltalte då ho venta på at han skulle køyra før ho sykla etter. Ho sykla så etter han både der Cort Adelers gate ligg flatt i lendet, og ned bakken, og ho har forklart at ho hadde bilen i syne heile vegen. Ho fekk god fart ned bakken, ho har forklart for tingretten og lagmannsretten at farten var ca. 25 km/t, medan ho like etter ulukka sa til politibetjenten som kom til staden, at farten var ca. 30 km/t. Ho har vidare forklart at ho merka at tiltalte reduserte farten, og at ho kom opp på sida av ekvipasjen og at ho kom opp på høgd med bilen. Ho merka då ein dunk, ramla med sykkelen mellom beina, og vart dregen med tilhengaren fleire meter. Ho har forklart at ho tenkte at no kom ho til å døy, eller i det minste verta hardt kvesta. Ho ropte alt ho kunne for å få bilen til å stansa, noko den etter kvart gjorde.”

I min omtale av tingrettsdommen er det tatt inn bilder fra stedet m.m.

Om aktsomhetskravet etter strl § 237 sier lagmannsretten:

“Etter lovendringa i 2001, som gjaldt straffelova § 238 og § 239, ligg det føre ei noko strengare aktsemdsnorm for brot på desse reglande i straffelova enn for brot på vegtrafikklova, jf. HR-2010-1068-A. Høgsterett viser der til Ot.prp. nr. 46 (2000-2001), der det er uttalt følgjande:

“I brev 29. mars 2000 til departementet uttalte riksadvokaten at man på bakgrunn av brevet 19. mars 1998 (punkt 9.4 foran) og redegjørelser fra statsadvokatene med vedlagt underlagsmateriale kan legge til grunn at «de saker hvor påtalemyndigheten i dag reagerer med tiltale også etter straffeloven §§ 238 og
239 regelmessig vil inneholde én eller flere av følgende karakteristika:
– Fører har vært alkoholpåvirket eller sovnet ved rattet.
– Fører har holdt en markant for høy hastighet ut fra de rådende kjøreforhold.
– Fører har vist mangel på aktsomhet i situasjoner som påkaller en særlig aktpågivenhet som for eksempel passering av fotgjengerfelt, buss som har stanset på holdeplass, små barn i vegbanen m.v.
– Det gis ingen forklaring på hvorfor fører ikke i tide er blitt oppmerksom på eller har innrettet seg på åpenbare faremomenter (markant ubevisst uaktsomhet).
– Fører har bevisst tatt en sjanse.
– Fører har konsentrert sin oppmerksomhet om forhold som er føringen uvedkommende.»”

Om den konkrete aktsomhetsvurderingen etter strl § 237 i denne saken, sier lagmannsretten:

“Det er i rettspraksis lagt til grunn at det som er sagt om aktsemdsnorma for §§ 238 og 239 i straffelova også må gjelda for § 237, jf. m.a. LB-2008-12046 og LB-2008-74853.

Det alternativet som er aktuelt i vår sak, er at førar har vist mangel på aktsemd i situasjonar som “påkaller en særlig aktpågivenhet som for eksempel passering av fotgjengerfelt, buss som har stanset på holdeplass, små barn i vegbanen m.v.”

Det er på det reine at tiltalte var klar over at det var eit sykkelfelt på høgre sida av vegen, og at han hadde vikeplikt for dette, jf. føresegn om køyrande og gåande trafikk § 7 nr. 2 og 3, samt § 4 andre ledd.

Forsvarar har halde fram at den fornærma har halde slik fart på sykkelen at den tiltalte ikkje kunne sjå henne i spegelen før han svinga til høgre, og slik at den fornærma køyrde inn i tilhengaren medan den var på veg over til gang- og sykkelstien.

Til dette skal lagmannsretten først nemna at den fornærma si forklaring om at ho hadde bilen i syne heile strekninga, vert funnen truverdig, ikkje minst samanhalde med lengda på strekninga, farten på bilen og sykkelen, samt hendinga slik den utvikla seg. Så lenge syklisten hadde bilen i syne framfor seg, ville også sjåføren ha hatt høve til å sjå henne ved bruk av speglane.

I alle høve vert lagt til grunn at det i allfall er 60 m fri sikt frå svingen i øvre del av bakken ned til der ulukka skjedde. Dersom den fornærma hadde ein fart på ca 30 km/t i heile strekninga på 60 m, noko som lagmannsretten ser som lite sannsynleg, ville det ta noko over 7 sekund frå syklisten såg bilen med tilhengaren framfor seg, til ho var framme ved ulukkesstaden, og der bilen med tilhengar var komen såpass over vegen at ho skal ha kollidert med tilhengaren. Lagmannsretten ser det som heilt usannsynleg at den fornærma i dette tidsrommet ikkje skal ha sett opp frå vegen, eller har sett bilen og ikkje hatt tid til å stoppa. Med ein lågare fart mellom 20 og 25 km/t ville tidsrommet ha vore endå lengre.

Trafikkbiletet som det er gjort greie for ovanfor, med to fotgjengarfelt like etter einannan, starten på to ulike gang- og sykkelfelt, samt ei innkøyring til ein barnehage, ville i seg sjølv ha påkalla “en særlig aktpågivenhet”. I tillegg kjem det oppmerka raude sykkelfeltet på høgre sida i vegbanen. Tidspunktet for hendinga, ca kl. 1630 i juni månad, skulle også tilseia at det måtte påreknast syklistar i sykkelfeltet. Lagmannsretten er ikkje i tvil om at den skjerpa aktsemdsnorma i straffelova § 237 er broten ved at tiltalte ikkje forvissa seg om at han hadde fri bane til å køyra over sykkelfeltet. Som tilleggsmoment skal nemnast at ein erfaren sjåfør, som tiltalte er, vil vita at i botnen på ein bakke vil ein syklist normalt ha opparbeidd seg ein større fart enn på flat mark.

Lagmannsretten finn det såleis bevist utover ein kvar rimeleg og forstandig tvil at den tiltalte ikkje utviste den nødvendige aktsemd då han svinga av frå Odins gate og inn på gang- og sykkelvegen, og at denne aktløysa kjem inn under straffelova § 237.

Lagmannsretten finn det heller ikkje tvilsamt at tiltalte burde ha innsett at køyringa kunne medføra personskade.”

Til tiltalens pkt II, sier lagmannsretten:

Post II
Etter vegtrafikklova § 3 skal ein kvar ferdast omsynsfullt og vera aktpågjevande og varsam slik at det ikkje kan oppstå fare eller valdast skade, og slik at annan trafikk ikkje unødig vert hindra eller forstyrra.

Etter vegtrafikklova § 31 første ledd skal den straffast som med forsett eller aktlaust bryt reglar som er gjevne i eller i medhald av denne lova.

For post II er gjerningsinnhaldet identisk med post I, og skuldkravet er i det minste aktløyse. Som nemnt ligg det føre ei strengare aktsemdsnorm for straffelova § 237 enn etter vegtrafikklova, og tiltalte vert såleis også å døma for brot på vegtrafikklova § 31 første ledd jf. § 3.”

Jeg får her legge til at jeg synes lagmannsretten legger en riktig aktsomhetsnorm til grunn.

Om straffutmåling sier lagmannsretten innledningsvis:

“Aktor har vist til at saka var ferdig etterforska primo september 2012, medan tiltale ikkje vart teken ut før 9. juli 2013. Det lange tidsrommet saka vart liggjande utan at det skjedde noko, og som ikkje skuldast den tiltalte, må føra til at straffa bør gjevast på vilkår. Lagmannsretten er samd med aktor i dette, og fastset straffa i samsvar med påstanden, dvs. fengsel på vilkår i 18 dagar, og med to års prøvetid.”

Det er desverre ikke uvanlig at sen saksbehandling i politiet fører til nedsatt straff når saken endelig kommer for domstolene.

Om erstatning sier lagmannsretten dette:

Erstatning:
Kravet på erstatning er heimla i skadeerstatningslova § 3-5 første ledd bokstav a, der det heiter at den som forsettleg eller grovt aktlaust har valda skade på person, vert pålagt å betala den fornærma erstatning i form av oppreising.

Etter rettspraksis må det liggja føre eit markert avvik frå forsvarleg handlemåte for at ei handling eller unnlating av handling skal kunna sjåast på som grovt aktlaus, jf. Rt-2009-6 avsnitt 49.

Lagmannsretten er komen til at det i dette tilfellet ligg føre eit slikt markert avvik frå forsvarleg handlemåte. Det vert for det første vist til det gatebiletet som er gjort greie for ovanfor, som i seg sjølv krev særskilt aktsemd. I tillegg skulle tiltalte kryssa eit sykkelfelt, samt eit gangfelt innanfor det, i botnen av ein bakke, noko som inneber eit stort farepotensiale. Han hadde vidare hatt god tid til å sjekka trafikkbiletet bak bilen ned bakken. Lagmannsretten ikkje er i tvil om at syklisten ville vore synleg for tiltalte dersom han hadde nytta sidespegelen, jf. det som er sagt om lengde på bakken, farten på bilen og sykkelen, og den følgje som dette har for sikten og tidsbruken på den aktuelle strekninga. Då tiltalte var komen til staden der han hadde planlagt å svinga av frå vegen, forvissa han seg ikkje om at det var farefritt å kryssa sykkelfeltet, t.d. ved å stansa og sjå seg til sides og bakover. Ved kryssinga av sykkelfeltet og gangfeltet måtte det også takast omsyn til den lange ekvipasjen han var førar av. I tillegg køyrde han inn på ein gang- og sykkelveg som i seg sjølv er ulovleg. Endeleg vert vist til at det var passasjeren som oppdaga at det låg ei dame med sykkel under tilhengaren. Passasjeren har forklart at han såg dette i sidespegelen, noko lagmannsretten forøvrig stiller seg undrande til, teke omsyn til at spegelen skal vera innretta på førarsetet. I alle høve viser dette etter lagmannsrettens syn at tiltalte heller ikkje kan ha kasta noko blikk i sidespegelen då han var på veg over sykkelfeltet og gangfeltet, og der den fornærma, saman med sykkelen, vart dregen fleire meter langs asfalten. Passasjeren har forklart at han ikkje heilt hugsar om han først såg den fornærma i spegelen, eller først høyrde skrika hennar. Den tiltalte hadde uansett ikkje høyrt noko, og begge har forklart at det var ikkje på radio eller musikk i bilen.

Det ligg etter dette føre grov aktløyse, og tiltalte vert dømd til å betala den fornærma erstatning i form av oppreising. Summen vert sett til kr. 50 000,- i samsvar med aktor sin påstand.”

Førerkortet ble ikke inndratt, og jeg kan heller ikke se at det var påstått. Det er mulig at den lange behandlingstiden hos politiet var avgjørende her også. Og vi som sykler vet at politiet ofte er svært så raske med å frikjenne bilister etter at de har kollidert med syklister. Men her var det tross alt politiet som tok ut tiltale, så vi kan ikke kritisere politiet for å ha vært spesielt bilistvennlige i denne saken.

Når folk kjører grovt uaktsomt, og det dessuten forårsaker ulykke som fører til personskade, da mener jeg at førerkortet bør beslaglegges, og at det må gjøres med en gang. Bilister som kjører på denne måten bør lukes ut av trafikken, i alle fall for en periode.

Om 18 dager betinget og 50.000 i oppreisning er mye eller lite, har jeg ikke noen klar mening om. Jeg arbeider ikke med strafferett, og kjenner ikke straffenivået. Og jeg er uansett ikke tilhenger av at straffer skal være strengest mulig. Det viktigste er en reaksjon som er en klar markering av at dette ikke er akseptabelt. Og slik sett synes jeg dommen er grei.

 

Print Friendly