Risikalbelt å være forsker i Italia

Siste nummer av Forskerforum har en artikkel med tittelen “Når katastrofen rammar” om fem forskere som ble dømt for uaktsomt drap på 29 personer etter jordskjelvet i L’Aquila i 2009. Totalt døde 309 mennesker i dette jordskjelvet. Pårørende etter de 29 som denne saken gjaldt, mente at de døde fordi de ble værende i hjemmene sine etter å ha blitt beroliget av myndigheter og eksperter. [Foto: Wikimedia Common CC BY-SA 3.0]

At det var risiko for jordskjelv i området og at man måtte regne med at det ville komme et jordskjelv, var velkjent. Akkurat som vet at det en eller annen gang vil komme et nytt jordskjelv i California langs San Andreas forkastningen, som blant annet går gjennom San Francisco Bay området. Men ingen kan si når det kommer. Til forskerforum sier seismologiprofessor Kuvvet Atakan ved Universitetet i Bergen:

“Å spørje ein seismolog kva dag eit jordskjelv vil kome, er som å spørje ein meteorolog kva sekund den første regndropen skal falle. Jordas indre deformasjon og prosessane som leier til det, skjer svært sakte. I beste fall kan vi seie noko om sannsynet for eit stort jordskjelv i løpet av dei neste 30 åra.”

Etter flere små jordskjelv var forskerne innkalt til et møte i en offentlig nemnd som skulle vurdere å informere om risiki.

“På møtet sa forskarane at det er umogleg å føreseie eit jordskjelv, og at den einaste måten å verne seg mot jordskjelvrisiko på er å byggje sikre hus. Leiaren for det regionale sivilvernkontoret spurde om ho skulle tru på dei som gjekk rundt og spreidde frykt. Nemnda forklarte at småskjelv, ifølgje tidlegare erfaringar, ikkje seier noko om jordskjelvrisikoen i nær framtid, men at dei så visst dreg merksemda til eit område der eit stort skjelv vil kome før eller seinare.

Leiaren for regionkontoret takka ekspertane og sa at dei gjorde det mogleg for henne å roe ned publikum.”

Det ble holdt en pressekonferanse etter møtet, hvor forskerne ikke deltok. Det var gjort TV-opptak før møtet, hvor visedirektøren i sivilvernkontoret kom med påstander som det ikke var noen faglig dekning for.

“Men vi skal flytte oss, frå fortida til framtida, frå L’Aquila til storbyen Istanbul.

I 2005 avslutta seismologiprofessor Kuvvet Atakan EU-prosjektet Relief, der ein av konklusjonane var at det i løpet av 30 år vil kome eit kjempeskjelv i Istanbul, med 60 prosent sannsyn. Ifølgje prognosane kan 100.000 menneske døy fordi husa dei bur i kollapsar.

Atakan har sjølv tyrkisk bakgrunn. I 2005 tok han ein forskingstermin i Istanbul, der han inviterte bykommunen til møte. Ikledd dressjakke og slips stod han framfor ei forsamling på 150 tilsette i planleggingsavdelinga i byen. Roleg, sakleg og engasjert la han fram forskingsresultata og oppmoda dei til å ta grep.

Atakan syntest lenge at tyrkiske styresmakter gjorde altfor lite. I dag kjenner han seg noko lettare. Nyleg las han det han kallar ein «skrytebrosjyre», der det vart framheva at bykommunen har forsterka 846 bygningar til no, mellom anna 679 skulebygg og 29 sjukehus. Planen er å auke talet til 1969.

– Dette er gledelege tal som peikar i rett retning. Men det skjer i ein by med over ein million bygningar, seier Atakan.

Samtidig som gamle bygg blir sikra, er ei utbygging av ein ny bydel i sørvest, Silivri, under planlegging. Fem millionar menneske skal busetjast i bydelen, som ligg i det området der jordskjelvrisikoen er aller størst. Istanbul treng nemleg meir plass, og hadde ein valt eit alternativt område, ville det gått ut over vassforsyninga og grøntareala i byen.

Atakan fryktar at katastrofen ein dag vil ramme Istanbul, og han spør seg kven som då må ta ansvaret.”

Min kollega Kristian Andenæs sier:

“Politikarar og styresmakter har ein sterk tendens til å høyre på det som passar dei. Fagpersonar kan bli tatt til inntekt for andre ting enn det dei står for. Relativt mange som samarbeider med offentlege styresmakter, er irriterte på grunn av dette, også i Noreg.”

Øyvind Mikkelsen, leder i Den nasjonale forskingsetiske komiteen for naturvitenskap og teknologi, sier dette:

“Ein må også ha ei tydeleg ansvarsfordeling. Skal forskargruppa levere resultat som styresmaktene skal ta ei avgjerd på grunnlag av? Eller skal forskarane ta avgjerda? Samfunnet rundt må få vite dette. Forskingsresultata må i tillegg vere tilgjengelege.

Og til slutt: Når styresmaktene har innhenta data, handsama dei og kome til ein konklusjon, bør ein rimeleg stor risiko utløyse ei handling. I L’Aquila oppmoda forskarane styresmaktene til å sikre bygningar. Fem dagar ville vore for lite tid, men styresmaktene var blitt oppmoda også tidlegare.

– Bygningsstrukturen i L’Aquila var ikkje trygg, og dette hadde vore kjent lenge. Nokon hadde ansvaret, og det var ikkje blitt følgt opp, seier Alessandro Amato ved INGV.”

Vi har bak oss flom og ødeleggelser på Vestlandet, og vi har hatt flom og ødeleggelser andre steder i de senere årene. Man har visst at områdene har vært flom- og rasutsatt. Men likevel har man bygget der. Noen steder har vi til og med sett at hus har blitt bygget opp igjen omtrent på samme sted, etter at de har blitt tatt av ras eller flom.

I Norge har vi nå den noe ironiske situasjon at Ringebu kommune har vraket foreslått trasé for ny E6, og vil heller legge den nærmere elven, noe NVE sterkt fraråder fordi det er et flomutsatt område. Om politikerne vedtar å bygge veien i flomutsatt område, mot faglige råd, hvordan skal de da straffes den dagen flomen tar veien?

Og mer alvorlig: De politikerne som i årevis har ignorert forskernes advarsler om klimakrise, og har unnlatt å handle for å forebygge dette, hvordan skal de straffes? Man kan i alle fall ikke legge ansvaret for forskere som kommer med ubehagelige sannheter, som politikerne ikke vil høre på.